Historikk

FT Bygg AS har lang erfaring frå det tidlegare enkeltmannsføretaket Asbjørn Fjellestad. Asbjørn begynte som ”bygdesnikkar” i 1972 der han tok på seg mindre jobbar rundt om i bygda. Etter kvart vart det større jobbar, som å sette opp heile driftsbyggningar i landbruket og hus for entreprenørar som Block Watne og Vegsund hus. Den 14.02 1989 vart det meldt inn som føretak med nr. 5056016, og han fortsette å bygge for entrepenørar. Han teikna og prosjekterte også sine eigne hus. Etterkvart som erfaringa kom, blei fleire områder innanfor bygg og annlegg ein del av produkta og tjenestene han kunne tilby, som f.eks: flisarbeid, mur- og pussarbeid, naturstein, beleggningsstein osv.

I slutten av januar 2007 beslutta Asbjørn og dei tre sønene at dei skulle danne eit aksjeselskap. Namnet på det nye føretaket vart FT Bygg AS som kjem av etternavna til Asbjørn og sønene Fjellestad Tystad.

Eigarandelen på det nye selskapet er no delt likt mellom sønene til Asbjørn. Lars Erik Fj. Tystad, Arild Fj. Tystad og Øyvind Fj. Tystad  eig 1/3 kvar.

Det nye selskapet tok over utstyr og byggeoppdrag frå det oppkjøpte firmaet.
Dei driv selskapet  frå heimgarden på Tystad, som ligg nokon kilometer nordvest for Sandane.

F T Bygg  A/S  har  samarbeid  med mange varelevrandører, til dømes Gausdal landhandleri A/S, Gudbrandsdal steinindusri A/s, Norfloor Fliser  A/s, Laticrete  Norge A/s, Hadeland Peisindustri A/s, Sandane Trelast. Desse kan levere  det meste på kort varsel. 

FT Bygg AS har som mål og få førnøgde kundar, samt å ha godt samarbeid både med gamle og nye kundar.